– Vi brukar TikTok kvar dag

TikTok er verdas mest nedlasta app og har heile 500 millionar aktive brukarar. Vi har snakka med Cecilia (11), Vilde (10) og Anna (11) om kva som er så spesielt med denne appen.

Fakta om TikTok:
  • TikTok, også kjent som Douyin i Kina, er ein medieapp for å lage og dele korte videoar (15 sekund).
  • Appen Douyin vart lansert i 2016. Eitt år seinare fekk resten av verda ta den i bruk. Då fekk appen namnet TikTok.
  • I 2017 blei den kinesiske appen Musically kjøpt opp av selskapet som eig TikTok. Dei to appane er no slått saman, og har fått namnet TikTok.
  • I 2018 blei appen den mest nedlasta appen i App Store.
  • I juli 2018 hadde appen over 500 millionar brukarar i verda.

(Kjelde: Wikipedia og Barnevakten)

LES FAKTALUKK FAKTA

Cecilia Skålnes Fausk har brukt appen ganske lenge, og er inne på han kvar dag.

– Det er kjekt å mime etter songar. Eg har ein brukarkonto åleine no, men har hatt ein saman med venninner også. Den er så gøy! Det er nok difor den er så populær, seier ho.

Den siste videoen ho laga var frå då ho hadde overnattingsbesøk.

FOTO: Madeleine Kaldestad

– Eg lagar mykje forskjellig. Brukarkontoen er privat, så det er berre dei eg godkjenner som kan sjå filmane mine, fortel ho.   

Cecilia har fått lov av foreldra å laste ned appen, sjølv om ho er ikkje er gamal nok. Den har nemleg 13-årsgrense, slik som alle sosiale medium i Noreg har.

– Eg sender berre meldingar med vener, seier ho.

Foreldra hennar er av og til inne på appen for å sjå kva ho legg ut.

– Det går heilt fint at dei gjer det, meiner Cecilia.

Det er ikkje så viktig for ho å få likarklikk.

– Men det er jo kjekt, ler ho.

Ser på videoar

Vilde Reime synest også det er gøy når vener likar det ho lagar.

– Det som er viktig for meg er at folk likar videoane eg lagar.

Ho likar å lage videoar sjølv, men også å sjå kva andre legg ut.

FOTO: Madeleine Kaldestad

– Eg brukar appen åleine no, men har hatt fleire brukarkontoar i lag med vener tidlegare. Akkurat no lagar eg helst fotballfilmar, fortel ho.

Vilde trur appen er blitt så populær fordi veldig mange barn og unge likar song, miming og dans.

– Av og til vil foreldra mine sjekke videoane eg lagar. Det er regelen, at dei får gå inn på telefonen for å sjå kva eg lagar. Så har vi også ein regel på at eg ikkje får bruke ekte pengar i appen, fortel ho.

Populær aktivitet

Anna Hjelmeland Naterstad har heller ikkje brukt pengar på å kjøpe noko i appen.

– Eg har to brukarkontoar åleine, og ein saman med ei venninne. På den opne brukaren min legg eg ut turnvideoar, og på den andre legg eg ut av meg sjølv. På den brukaren eg har med venninna mi lagar vi også turnvideoar og morosame videoar, fortel ho.

FOTO: Madeleine Kaldestad

Foreldra til Anna har gitt ho lov til å bruke appen.

– Dei veit at eg legg ut videoar, og dei har sett på det eg lagar, fortel ho.