– Vi lagar TikTok-filmar om trampolinetriks og Fortnite

Herman (10) og Mathias (10) filmar, redigerer og publiserer kule videoar på TikTok.

– Eg likar aller best å lage filmar som handlar om spel. Oftast om at eg spelar Fortnite. Eg lagar også takkevideoar eg legg ut viss eg får til dømes 400 likes på eit innlegg, fortel Herman. 

Han brukar mobiltelefonen når han skal lage film.

FAMILIE: Herman (bak) og Mathias er søskenbarn. Begge bur i Bergen. Foto: Privat

– Eg brukar kamera-appen og så redigerer eg filmane i TikTok. Av og til brukar eg iMovie-appen. Det gjer eg når eg lagar filmar om korleis spel fungerer. Då må eg klyppe fimen før eg publiserer han.

Planen for neste film er allereie på plass:

– I neste film tenkjer eg å høyre med ein ven om han kan filme medan eg byggjer noko i Fortnite.

Herman likar å planlegge kva han skal filme på førehand. 

– Nokon gongar planlegger eg på førehand, men andre gongar får eg idear og lagar det med ein gong.

Triks på trampolina

Mathias likar også å lage filmar om spel. Aller helst Fortnite. Men, han brukar også telefonen til å filme ulike triks på trampolina. 

– Eg brukar også kamera-appen og iMovie viss eg redigerer. Det er enkelt å klyppe og lage bra filmar av triks i iMovie. 

– Herman og eg har starta på å lage ein film saman også, men vi er ikkje blitt ferdige enno. Av og til er vi også med på kvarandre sine TikTok-filmar, fortel Mathias.