Sarah har fasta under Ramadan

Sarah (22) er student og har fasta under Ramadan. Ho har skrive litt om korleis det har vore.

Sarah Frostmo Faraj har fasta under Ramadan (Foto: Privat)

Dette er ein nedkorta versjon som stod publisert i Framtida.

Mora mi er 50 prosent norsk og 50 prosent samisk, og faren min er 100 prosent palestiner, noko som gjer meg samisk, norsk og palestinsk.

Fastemånaden Ramadan

I desse dagar er det Ramadan, altså den niande månaden i den islamske kalenderen. Då fastar vi av uike grunner. Eg personleg fastar fordi det er ei av dei fem søylene i islam, og det er noko eg gjer for Allah (Gud).

Eg ser heller ikkje nokon ulempar med å faste. Legar og forskarar seier det til og med er bra for kroppen å faste.

Den einaste i familien som fastar

I min familie er eg den einaste som fastar, og i år er det mitt fjerde år eg gjer det. Det er utfordrande på fleire område, spesielt når eg står opp åleine på natta og skal ete, drikke og be åleine. Det kan fort verte einsamt. Det er òg vanskeleg når vennar spør om eg vil dra til byen for å ete/drikke, og eg ikkje har lyst til å sjå andre ete digg mat eller drikke iskald Pepsi Max, eller ikkje har overskotet til det.

Convid-19 har gjort det utfordrande

I år er Ramadan ulikt frå dei tidlegare åra på grunn av Covid-19. Det har gjort at eg ikkje kan reise i moskeen og be taraweeh (ein ekstra bøn etter isha, som er den femte bøna), eg kan ikkje dra på fredagsbøn og det vert heller ingen Eid-bøn, som er mi favorittbøn. Dette har prega meg veldig denne Ramadan-månaden, i og med at eg er litt avhengig av å få det vesle pushet til å gjere det vesle ekstra, som til dømes å lese Koranen, be endå meir, be på slaget til bønane og få den kjensla av eit muslimsk samfunn. Dette er viktig for meg fordi eg fastar og ber åleine, og eg føler at eg er åleine under Ramadan.

Blir ikkje freista

Bestevenninna mi kjem ned til meg for å lese. Ho gløymer ofte at eg ikkje et, og tek seg ei brødskive og drikk saft, vatn eller te framfor meg. Men det gjer ingenting. Det påverkar meg ikkje noko særleg. Mamma puttar ei bok mellom oss for at eg ikkje skal sjå maten ho har laga til lunsj eller frokost, men det gjer meg seriøst ingenting.

Det er ikkje mat eg vert freista av – det er drikke, hovudsakeleg vatn, men det skjer ofte når iftar (måltidet vi et for å bryte fasten ved solnedgang) nærmar seg.

Ba i eit prøverom

Det kjipe med å vere heime er at eg ser mat og drikke heile tida. Men på den andre sida er det lettare å be, fordi eg slepp å leite etter ein stad å be som eg må gjere når eg er i byen med vennar (takk til klesbutikkane for deira prøverom), og kan bruke tida mi meir effektivt.

Foto: Privat