Derfor har vi fri på religiøse dagar

Kristi himmelfartsdag står for tur. Kvifor har vi fri på kristne høgtidsdagar?

Kristi himmelfartsdag er ein kristen høgtidsdag, og kjem alltid 39 dagar etter fyrste påskedag. I år fell dagen på 21. mai.

Kristi himmelfartsdag feirar vi til minne om at Jesus skal ha dratt til himmelen 39 dagar etter han stod opp frå dei døde.

Illustrasjon: Colourbox

Kristendomen var lovfesta statsreligion

Grunnen til at vi har kristne fridagar i Noreg er fordi kristendommen tidlegare var lovfesta som statsreligion. 

Dette har endra seg. 21. mai 2012 blei denne lova oppheva. Då skilte vi kyrkja og staten. Kyrkja er ikkje lenger ei statskyrkje, men ei folkekyrkje. 

Kvifor har vi framleis religiøse fridagar?

Då Noreg hadde statskyrkje betydde det at statsreligionen i landet er bestemt og at samfunnet er lagt opp til denne religionen. Det er derfor vi også har hatt religiøse fridagar.

I Noreg har vi ti offentlege fridagar. Sju av desse er religiøse fridagar. Desse finn du i påsken, Kristi himmelfart, pinsen og i juleferien. 

Sjølv om vi ikkje lenger har ei statskyrkje har vi likevel fri desse dagane. Grunnen er tradisjonane vi har knytt til høgtidene. Dei fleste nordmenn markerer desse høgtidene om ein er kristen eller ikkje.

Noreg mista mange heilagdagar

Då Noreg var eit katolsk land før 1500-talet hadde vi også desse heilagdagane/fridagane:

  • Heilag tre kongars dag (6. januar) – til minne om dei tre vise menn.
  • Kristi lekamsfest – 60 dagar etter påsken.
  • Jomfru Maria Himmelfartsdag – til minne om mor til Jesus som drog til himmelen
  • Allehelgen (1. november) – til minne om alle hellgenane
  • Bots- og bededag – ein dag som sett av til å be
  • Sankt Hans/jonsok – etter døyparen Johannes
  • Olsok – etter Olav den heilage.

Viktige heilagdagar for andre religionar

Jødar

  • Pesac – tilsvarar påska for dei kristne. Den viktigaste festen for jødar. Dette er til minne om då israelittene blei slept frie frå Egypt.
  • Hannuka – Den jødiske lysfesten. 

Hinduar

  • I hinduismen er det mange gudar. Kalenderen har ingen faste heilagdagar, fordi kvar gud har sin eigen heilagdag. Normalt blir det derfor feira heilagdag på dagen til den guden eller dei gudane ein er spesielt knytt til.
  • Divali- hinduane sin viktigaste fest der dei markerer nyttår. Dette skjer i oktober/november.

Buddhistar

  • Vesak – til minne om Buddahs fødsel. Den viktigaste heilagdagen i buddhismen. Feiringa skjer ved fullmåne i april/mai.

Muslimar

  • Ramadan – fastemånaden for muslimar.

Id eller id al-fitr – Ein fest som avsluttar den muslimske fastemånaden ramadan.

Illustrasjon: Colourbox