Kva er eigentleg ramadan?

Det finst mange religionar. Ein av religionane heiter islam. Dei som trur på islam blir kalla for muslimar. Ramadan er fastemånaden for muslimane, og startar i år fredag 24. april.

Ramadan er for vaksne, men barn får prøve.
Barna er sjølv ikkje religiøst forplikta til å droppe skulematen.

Å faste er obligatorisk for vaksne muslimar, sett bort frå dei som lir av sjukdom, er på reiser, eldre, gravide, ammande, diabetikarar eller kvinner som har menstruasjon.

Dette er ramadan

Ramadan er den niande månaden i den islamske kalenderen og fastemånaden til islam.
Dei fleste muslimar avstår frå å drikke eller ete frå soloppgang til solnedgang, skriv NRK.

Dei avstår òg frå sex, røyk og krangling. Den islamske kalenderen følgjer månen, og derfor flyttar månadene seg 11-12 dagar kvart år i forhold til den gregorianske kalenderen. I Noreg brukar vi den gregorianske kalenderen.

Ramadan blir markert fordi profeten Muhammed fekk den første openberringa si på denne tida.

Ramadan avsluttast når nymånen, som markerer månaden shawwal, blir synleg. Fasta kan likevel ikkje vare lenger enn 30 dagar.

Faste er eit ytre uttrykk for indre renselse, og då blir muslimane oppmoda til å konsentrere seg om åndeleg fordjuping. Eit av formåla med fasta er å vise solidaritet med menneske som svelt.

Annleis i nord

Muslimar som bur i Nord-Noreg har ei utfordring på grunn av midnattsol og mørketid. Derfor følgjer dei Mekka-tid og fastar 15 timar kvar dag i Ramadan. I Oslo følgjer dei til dømes sola, og endar opp med å faste om lag 21 timar om dagen.