Dette treng du:
- 1,5 dl fløyte
- 1,5 dl mjølk
- ¼ ts vaniljesukker
- 1/2 dl sukker
- 25 isbitar
- 5 ss havsalt
Utstyr:
- Ein visp
- Tre skåler
- To fryseposar
- Litermål
- Handkle
- Topping (valfri)
Slik gjer du:
- Bland sukker og vaniljesukker i ei skål, og fløyte og mjølk i ei anna skål.
Så tømer du begge blandingane opp i den eine brødposen og knyter ein god knute på posen (viktig at det er litt luft i posen). - Rist posen i 30 sekund.
- Legg isbitar i den andre posen og tilsett havsalt.
- Legg posen med fløyte og mjølk oppi den andre posen med isbitar og vatn, og knyt posen godt att.
- Pakk posen inn i eit handkle og rist i cirka 4 minutt, eller til isblandinga er blitt til mjuk is.
- Klypp opp posen med saltblanding og ta ut posen med softis.
- Klypp eit hol i eine hjørna på posen med softis, og sprut i ei skål. Det er viktig at du er forsiktig – hugs at det er restar av saltvatn på posen.
- Pynt med nonstop, oreokjeks eller noko anna du likar på isen!