I ei direktesending på NRK vart folk oppmoda til å leggje diverse gjenstandar i steikjeomnen på 75 grader for å drepe koronavirus. No får brannvesenet spørsmål om dette er lurt.
– Det tilrår vi ikkje! Vi har meir enn nok å gjere, og vi vil gjerne sleppe å rykkje ut til brann i leiker, tvitrar brannvesenet.
Det var NTB som fyrst omtala saka.