Falske nyheiter spreier seg raskare enn koronaviruset

Dei store sosiale media Facebook, Instagram, Youtube og Twitter tek grep for å hindra spreiinga av falske nyhende i samband med koronaviruset.

Med store verdskriser, kjem også mengder falske nyhende.

Styresmakter og helsepersonell må ikkje berre kjempa mot smittefare og spreiing av koronaviruset, dei må også kjempa mot halv-sanningar og falsk informasjon som spreier seg minst like raskt på nett.

Nettstaden Buzzfeed prøvde å halda ei oversikt over dei ulike falske nyhenda som dukka opp kontinuerleg.

Kvitløk som kurerer, rykter om biovåpen og andre konspirasjonsteoriar

Først kom det konspiratoriske rykte om at koronaviruset var laga på ein hemmeleg, statleg lab i Kina.

Så kom ulike tulle-medisinar og helsetips som visstnok skal gjera deg immun mot viruset som kvitlauk eller varm drikke.

Ein kinesisk trollfabrikk spreidde rykte om at Taiwan dekte over korona-dødsfall, og det er konspirasjonsteoriar om at viruset er skapt av legemiddelindustrien for å selje dyre medisinar og fleire vaksinar.

I USA går det drøssevis med rykte om at koronaviruset på ein eller annan måte finst for å svekka Donald Trump:

Trump sjølv sa i månadsskifte februar/mars at det er demokratane sin nye bløff (hoax) for å ramma han.

På YouTube er det konspirasjonsteoriar om korona-pandemien ikkje er sann.

På Reddit konspirerer dei om at det er eit plott frå den amerikanske staten for å styrta regjeringa.

Det verserer historier om at Forsvarsdepartementet har laga viruset målretta mot Kina.

På TikTok og Twitter er det ein drøss med folk som meiner Bill og Melinda Gates sin organisasjon har laga viruset, også for å treffe Kina.

Den konservative politiske kommentatoren og talkshow-verten Rush Limbaugh fortel sine millionar av lyttarar at medietrykket rundt viruset er der for å destabilisere aksjemarknaden og trua presidentskapet til Trump – at det eigentleg berre er ei vanleg forkjøling.

Ingenting av dette er sant.

WHO på TikTok

No prøver dei store sosiale medium-tenestene å avgrensa spreiinga av falsk informasjon.

Om ein søker på «coronavirus» på Google, Facebook, Twitter, Instagram, TikTok og Snapchat skal ein bli sendt til WHO eller lokale helsestyresmakter.

Også Google-eigde Youtube legg videoar frå truverdige kjelder som helsestyresmakter og nyhendekanalar øvst, når du søker på «coronavirus».

På TikTok har WHO laga ein konto for å spreie korrekt informasjon om viruset og tips til korleis ein kan unngå smitte. Også denne kontoen ligg øvst i appen om ein søker på «coronavirus».