Kan menneske gå i dvale?

Flaggermusa går i dvale, bjørnen går i hi – kan menneske også sove seg gjennom vinteren?

Bjørnen ligg i hiet heile vinteren. Bjørnen passar til å gå i hi. Den klarar seg fint utan å spise, tisse og bæsje. Men dei er spreke og fine når dei kjem ut av hiet om våren. I Noreg går alle flaggermus i dvale, og pinnsvin gjer det også.

Kan vi menneske også gjere det?

Ung.Forskning.no har snakka med zoolog Petter Bøckman på Naturhistorisk museum og Universitetet i Oslo.

– Bjørnen går eigentleg ikkje i dvale, bjørnen søv berre. Men flaggermusa går heilt klart i dvale, fortel Petter til forskning.no.

Sparar energi

Når flaggermusa går i dvale, er det litt som å skru omnen ned på lågaste temperatur. Flaggermusa får mykje kaldare temperatur i kroppen. Det gjer den for å spare energi medan ho er i dvale.

Små dyr klarar ikkje å halde seg varme utan feitt og næring. Store dyr som bjørnen, klarar det betre. Difor skrur ikkje bjørnen seg like mykje av som flaggermusa. Men bjørnen skrur ned varmen sin nokre grader medan den ligg i hiet. Og hjarta slår saktare enn normalt. Det er veldig slitsamt for kroppen å vera i dvale, så det er berre dei pattedyra som må få i dvale som gjer det.

Grevling på grensa

I Noreg går alle flaggermus i dvale, og pinnsvin gjer det også.

– Grevling er på grensa, seier Petter.

Menneska går ikkje i dvale. Er det fordi vi er ganske store pattedyr?

– Vi menneske passar rett og slett ikkje til å gå i dvale. Menneska er jo eigentleg ein tropisk dyreart, fortel Petter. Og dyr frå varme trope-område treng ikkje å sove om vinteren.

No bur det menneske både stader der det er tropevarme og kulde, men kroppen vår passar altså framleis ikkje til å gå i dvale. Vi må nøye oss med ei god natt søvn.