Gåvelappar av trolldeig

No er det tid for å pakke inn gåvene til julaften! Har du lyst til å lage dine eigne gåvelappar? Her er ei oppskrift!

Dette treng du:

1 dl salt

2 dl kveitemjøl

1 del vatn

1 ss. matolje

 

Slik gjer du:

  • Bland alle ingrediensane.
  • Du må kna deigen omkring 15-20 minutter før den er ferdig. Trolldeigen skal vera fast. Du kan teste om den er fast nok ved å lage ei rund kule. Viss kula framleis er rund etter 2-3 minutt er deigen fast nok.
  • Bruk bakepapir under når du lagar figurane. Lag gjerne stjerner, hjarte, rundingar eller andre former – og hugs: Stikk hol i dei slik at du kan tre band i når du pakkar inn gåvene.
  • Trolldeig skal steikast på svak varme, rundt 80 grader. Du finn ut som figuren er ferdig ved å dunke på det tjukkaste punktet. Når du høyrer ein hol lyd, er deigen ferdigsteikt.