Årets mest sette norske kinofilm

«Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul» hadde premiere 8. november 2019. Den er allereie årets mest sette norske kinofilm.

– Det er utruleg gøy at så mange allereie har sett filmen, og at den treff på tvers av generasjonar. Det at heime familien går saman på kino før jul har nesten blitt ein ny juletradisjon, og vi er glade for å kunne bidra med litt førjulskos inn i den hektiske julestria, seier produsent Catrin Gundersen i ei pressemelding frå Nordisk Film.

Filmen er ei ny julefortelling frå universet til Alf Prøysen. Han var ein norsk forfattar og visesongar.

Den fyrste filmen om Snekker Andersen, «Snekker Andersen og Julenissen», hadde premiere i 2016.

 

Har du sett filmen?

Har du sett filmen?

Nei7
Ja5
Svar totalt: 12