Du kan få ny kinobillett viss det er for høg lyd på kino

– Folk har så ulik kjensle i øyrene, at det som går bra for veldig mange, likevel kan skade nokon, seier Olav som har forska på hørselsskadar.

Kinoar mottek ofte klagar på for høg lyd.

– Da kan du gå ut av salen og få billett til ein annan førestilling på eit anna tidspunkt, seier Jon Einar Sivertsen i Odeon Kino på spørsmål frå NRK om kva folk som meiner det er for høg lyd på kino kan gjere.

Tåler ulik lyd

Kinoar held seg til lydnivået som er standard internasjonalt, men det kan likevel vera skadeleg, meiner forskar Olav Kvaløy i Sintef.

– Folk har så ulik kjensle i øyrene, at det som går bra for veldig mange, likevel kan skade nokon, seier Olav som har forska på hørselsskadar.

Han meiner at viss du opplever at lyden på kino eg ubehageleg høg, kan det vera kroppen din som seier ifrå.

– Det er ein grunn til at du reagerer, seier han.