«Benny går berserk» : – Fekk meg til å le høgt!

BOKKALENDER: «Benny går berserk» er skrive av Tom Erik Fure, og illustrert av Kenneth Larsen.

FAKTA:
  • Benny går berserk
  • Tom Erik Fure (illustrert av Kenneth Larsen)
  • Cappelen Damm 2019
  • Sjanger: Humor
LES FAKTALUKK FAKTA

Benny går berserk er skrive av Tom Erik Fure som er utdanna skodespelar. Boka handlar om Benny som elskar jula over alt anna. Benny og Akemi er bestevennar. Sjølv om dei har heilt forskjellige juletradisjonar, elskar begge alt som har med jula å gjere.

Då Benny kjem heim på bitte lille julafta etter å ha vore med Akemi, får han sjå foreldra i bikini og badeshorts. Det like før verda går under: Dei skal feire jul i Syden! Og ikkje nok med det; Ken og familien hans skal vere med!

Benny kan ikkje la det skje, så neste dag då foreldra drar for å levere julegåver, gjer han alt han kan for å stoppe syden-planane. Operasjon heimejul er i gang.

Benny går berserk er full av humor. Det er ei av dei få bøkene som har fått meg til å le høgt under lesinga, men ho er òg fylt med meir alvorlege tema som familie, kjærleik og vennskap. Boka er teikna av Bestis-skaparen Kenneth Larsen. Bileta passar perfekt til teksten og gjer boka endå meir morosam. Eg synest boka passar best for gutar og jenter mellom 10 og 13 år.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Nora Hellebust her: – Ei god bok må ha litt humor