«Klokkerens evangelium»: Vakker og eventyrleg bok om glede og håp

BOKKALENDER: Klokkerens evangelium er skriven av Gaute Heivoll, og Børge Bredenbekk har illustrert boka.

FAKTA:
  • Klokkerens evangelium
  • Forfattar: Gaute Heivoll
  • Illustratør: Børge Bredenbekk
  • Forlag: Vigmostad & Bjørke
  • Sjanger: Advents-forteljing
LES FAKTALUKK FAKTA

Gaute Heivoll har skrive ei rekkje bøker for vaksne og barn. No har han laga si første julebok, saman med den spennande illustratøren Børge Bredenbekk.

Bendik, på sju år, mista faren sin for eit år sidan. No skal den gamle kyrkja i grenda rivast og seljast. Nils Skolemester, som alle trur er gal og ingen vil ha noko å gjere med, kjøper preikestolen og tar han med heim til høyløa si. Men kven er eigentleg Nils, og kva i alle dagar skal han med ein stor og tung preikestol?

Bendik saknar kyrkja og faren, som fekk henne til å synge. Ein dag utpå hausten går han til løa til Nils, og kikkar på preikestolen i smug, og rett før jul inviterer Bendik han med heim for å feire jul med han og mora. På vegen heim går Bendik gjennom isen. Han kjem til ei grend som liknar hans eiga, men der alt likevel er heilt annleis.

Dette er ei vakker og eventyrleg bok om glede og håp, men også sorg og sakn. Ho liknar kanskje ikkje på dei julebøkene som vi er vande med, men ho er like aktuell for det. Teikningane gir orda ekstra meining. I tillegg fangar dei den gammalmodige stemninga i boka perfekt.

Det er 24 kapittel, ein for kvar dag fram til jul. Eg trur boka passar best for høgtlesing, slik at ein kan snakke om det ein har lest saman. Ho kan vere litt diffus og vanskeleg å forstå, og ein må tenkje ein del sjølv.

Både barn og vaksne kan ha stor glede av denne originale adventsboka.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Eirin Støfringsdal her: – Eg er frykteleg glad i Harry Potter!

SJÅ FLEIRE BOKMELDINGAR I BOKKALENDEREN VÅR HER!