Mitt flotte miljø

Lars Iver Rønneberg (12) går på Eidsdal skule og har skrive eit dikt om kor viktig det er å plukke med seg bosset når ein er ute og går på tur.

Eg er glad i natur

ser eg søppel i skogen, vert eg sur

Eg kan sjå søppel når eg går på tur

men eg er lur

For når eg tek med søppel frå der eg bur

hiv eg det ikkje frå meg i eit skur

Skriv det ned på dit tastatur

slik at også borna våre kan ha glede av vår flotte natur.

 

Her eg bur er det mange toppar

Her er så bra at eg mest går og hoppar

Eg gler meg mest til mange nydelege koppar

med rett i koppen på alle desse flotte toppar

på slike toppar, ja det er der du gjerne stoppar.

 

I norsk miljø er det ofte snø

Det er om vinteren snøen gir nydeleg miljø.

Då må vi ikkje rundt oss strø

Med kjekspapir, rusk og rask, og anna sø

Nei, ta det med heim, før eg blir sprø!