Norske Amalie lærte rotta Darius å måle – har selt bileta til USA

Bilete av den stolte rotta som poserer ved sidan av kunstverket har gått sin sigersgang på nettet.

Amalie Markota Andersen og rotta Mango. Foto: Privat

Det heile starta for halvanna år sidan.

Amalie Markota Andersen (22) scrolla på Instagram og kom over eit innlegg ho beit seg merke i. Nokon hadde laga eit bilete av poteavtrykka til hunden sin i blekk.  

Amalie, som til dagleg studerer animasjon og digital kunst, ville gjere det same med sitt kjæledyr – rotta Darius.

Vanskeleg å få Darian til å sitje roleg

Ho kjøpte inn giftfri måling og pittesmå lerret:

– Men det var utruleg vanskeleg å få han til å sitje roleg, seier ho og ler.

– Jaja, tenkte eg, då får han gjere som han vil. Det trong ikkje vere eit bestemt fotavtrykk – berre eit lite bilete som han hadde laga sjølv.

Andersen la ut bilete av den vesle kunstnaren som poserer ved sidan av det første verket på nettet.

Lite visste ho om kor stort engasjement det skulle skape.

Originalen vart fort snappa opp av ein årvaken kjøpar, og kort tid etter tikka det inn bestillingar i innboksen. 

Darius i arbeid. Foto: Privat

Stolt kunstnar

No er dessverre Darian dø. Men bileta til Darian har fått nytt liv på internett.

Då melde også interessen frå internasjonale nyheitsmedium seg.

– Eg får framleis meldingar den dag i dag frå folk som seier: «Eg elskar Darius så mykje». Det er overveldande positive tilbakemeldingar. Eg la ikkje merke til dette sjølv, men folk fortel at dei synest han ser så stolt ut! 

Darius-verket «A rottie dream» får heidersplass på veggen heime hjå ein amerikansk kjøpar. Foto: Privat

Darius var trass alt ei rotte, ingen arbeidshest

Darius laga fire kunstverk, og alle måleria vart selde til USA. 22-åringen måtte setje bestillingsgrense: Darius var trass alt ei rotte, ingen arbeidshest.

I ettertid har ho likevel angra på at ho ikkje heldt på det eine måleriet til seg sjølv.

Rotter lever ikkje lenger enn to år, noko 22-åringen er fullt klar over. Ho har trass alt hatt rotter som kjæledyr sidan ho var 14 år gamal. Darius var den sjuande i rekkja, og no har ho rottene Gucci og Mango.

Amalie Markota Andersen seier dei to framleis er så unge at ho ikkje vil utsette dei for stress, men det kan vere ho let dei også få dyppe føtene i målingsspannet når dei vert eldre.

Men det har sine positive sider å verte eit internettfenomen.

– Han som kjøpte originalen tok kontakt med meg for litt sidan og spurde om eg ville ha det tilbake. Det er så sjukt snilt!