Fakta om Anders Totland:
- Har skrive fleire bøker – både for barn, ungdom og vaksne.
- Debuterte som forfattar hausten 2015 med barneboka «Vampyrane i Eplehagen».
- For målgruppa 7-13 år har han skrive «Ut i rommet», Den norske slavehandelen» og «Nattmannen».
Det var rundt juletider i fjor at Anders spurte Alva om ho kunne tenkje seg å reise til månen.
– Det var fint å reise i boka, men eg skal aldri reise til månen på ekte. Aldri i livet!! seier Alva.
Ho måtte vente heilt til i haust for å sjå boka «Ut i rommet» heilt ferdig.
– Eg gledde meg og tenkte mykje på det, fortel ho.
Boka, som er ei splitter ny bok i Leseland-serien, handler om fyrste gong menneske gjekk på månen. Neil Alden Armstrong, Edwin Eugene «Buzz» Aldrin jr. og Michael Collins reiste ut i verdsrommet i fartøyet som vart kalla Apollo 11.
I boka får Alva vera med på måneferda, og der oppdagar ho spennande fakta om korleis det er å reise i verdsrommet. Alt som står i boka har skjedd, utanom at Alva var med på ekte.
Venta på kassen
Når Anders har skrive ei ny bok får han alltid ein kasse sendt heim til seg. Men denne gongen var det ikkje han som var mest spent.
– Då kassen kom delte eg ut boka til nokre venninner. Dei syntes den var veldig fin. Ei av dei las boka på ein dag, fortel Alva.
Det heile starta med at Samlaget, som er forlaget som gir ut Leseland-bøkene, spurte Anders om han kunne tenkje seg å skrive om ei stor historisk hending.
– Eg starta å skrive om månelandinga, men fekk det ikkje til. Eg jobba med den teksten lenge, heilt til eg ein dag kom på at det kunne vore fint sende Alva med på ferda, fortel Anders.
Den kvelden vart boka ferdig.
– Eg likar å skrive om alt som er ikkje forstår. Å reise ut i verdsrommet er ein av dei tinga eg ikkje forstår at vi menneske får til. Og så skjedde det for så lenge sidan! Teknologien var heilt annleis enn i dag – og likevel klarte dei å lande på månen, seier han.
Mari vil ha bok om Mari
Både pappa og Alva er einige om a det er ei fin oppleving å gje ut boka ilag.
– Det er koseleg, og kjekt at vi kan signere boka ilag, fortel Anders.
Det har i grunn berre vore ei einaste utfordring med å ha Alva som hovudperson i boka.
– Eg har ei dotter som er yngre enn Alva. Så no ventar Mari på ei bok om Mari, ler Anders.
Fakta om månelandinga:
- Apollo 11 var det fyrste bemanna romfartøyet som landa på månen.
- Månelandinga skjedde 20. juli 1969.
- Ombord var Neil Alden Armstrong, Edwin Eugene «Buzz» Aldrin jr. og Michael Collins.
- Neil vart den fyrste mannen som gjekk på månen, «Buzz» vart den andre mannen som gjekk på månen, medan Michael blei verande i romfartøyet åleine medan dei andre gjekk ut. Han krinsa rundt månen i 2,5 timar medan Neil og «Buzz» gjorde undersøkingar.