Pus treng deg for å kjenne seg trygg

Kattar treng menneske på same vis som hundar og barn gjer, viser ny studie.

Ny forsking viser at kattungar si tilknyting til menneske liknar veldig på tilknytinga forskarane har funne hos hundar og barn.

– Vi har lenge tenkt at kattar er overlegne, seier Kristyn Vitale ved Oregon State University i ei pressemelding frå Oregon State University.

Tilknyting betyr at dei fleste kattane nyttar eigaren sin som ei kjelde til tryggleik. At katten knyter seg til deg, og at han er avhengig av deg for å kjenne seg trygg når han er stressa, skriv Forskning.no.

Mennesketest

Vitale og kollegaene hennar testa 70 kattungar og eigarane deira.

Testen går ut på at kattungen og eigaren fyrst er to minutt i eit ukjent rom. Så går eigaren ut av rommet, og kattungen blir ålene i to minutt, før eigaren kjem attende dei siste to minutta av testen.

Korleis kattungen oppfører seg når eigaren går ut av rommet seier noko om tilknytinga kattungen har til eigaren sin.

Ein kattunge som er trygg vil bli mindre stressa når eigaren kjem tilbake. Viss kattungen ikkje er trygg vil han gå vekk frå eigaren eller klengje seg til eigaren når han/ho kjem tilbake i rommet.

PRØV VÅR KATTEKVISS HER!