SJÅ VIDEO: Dansa BlimE-dansen på ei aude øy

Skånevik skule frakta 85 elevar ut til ei lita øy i fjorden for å filme BlimE-dansen med drone.

Små båtar køyrer fram og tilbake mellom øya og fastlandet for å frakte lærarar og elevar frå 1.-4. trinn. Elevane frå 5. – 10. trinn padlar kano ut til øya. 

Framtida Junior får sitje på i ein av båtane.

Alle må klatre over båtripa for å kome seg i land, det er nemleg ingen kai på øya.

KANO: Elevane frå 5. til 10. trinn padlar kano ut til øya. Foto: Janne Nerheim

Dansa to gongar

Når alle er på plass, stiller lærar Theresa Hereide opp elevane slik dei skal stå når dei dansar. Musikken dundrar ut gjennom høgtalarane, og ekte danseglede breier seg mellom alle som er på øya. Fyrst må dei danse ein gong, slik at fotografen på øya får filma, og så må dei danse ein gong til for drona. 

Det var gøy! sier Anna Garvik Arefjord (8) når ho kjem i land på fastlandet. 

Ja! seier Marta Mayer (8).

Det var faktisk min fyrste gong på øya, fortel Anna.

Ja, eg har heller aldri vore der, fortel Marta.

GLATT: Alle må klatre over båtripa for å kome seg i land, det er nemleg ingen kai på øya. Foto: Janne Nerheim

Kult med drone

Dei synast det var veldig kult å bli filma av ei drone. 

Johannes Winterthun (8), Colin Gordon (8), Joakim Moe Tungesvik (8), Milla Holmedal Åsheim (8), Leander Funderud (8) og Jonas Lygre (8) ropar “det var gøy” i kor då vi spør dei om korleis det var å filme dansen på øya.

Eg håpar eg kjem på TV, seier Johannes.

Dei la alle merke til drona som flaug over hovuda deira. Eller, ikkje rett over hovuda.

Den kan ikkje flyge over menneske, i tilfelle den går tom for straum og ramlar i hovudet på oss, seier Joakim.

PADLA: Nora Funderud (10), Michelina Chybowska (11) og Emilja Zvirblyte (9) fekk padle kano. Foto: Janne Nerheim

Padla kano

Nora Funderud (10), Michelina Chybowska (11) og Emilja Zvirblyte (9) fekk padle kano ut til øya. 

Det var veldig gøy å padle, men litt strev å få kanoane ut i sjøen, seier Nora. 

Det var veldig gøy å danse der, seier Michelina.

Å padle ut var gøyast, seier Emilja.

Dei er alle einige om at det var kult å bli filma av drona.

Det var pappa som filma oss, fortel Nora.