Kvifor er 13 eit ulykkestal?

Mange har talet 13 som eit ulykkestal. Kvifor er det slik at vi knyter dette talet til ulykke?

Grunnen kan kome frå Det nye testamentet, der Jesus og læreveinane var 13 til bords ved den siste nattverda. Judas blei avslørt at han ville forråda Jesus. 13 vart altså ein person for mykje ved bordet.

I folketrua har det difor utvikla seg ei tru om at talet 13 knyter seg til ulykke, og ein har mellom anna unngått å vere 13 til bords.

Fredag den 13. hentar også historia si frå det siste måltidet med Jesus. Jesus blei drepen på ein fredag, etter dette måltidet.

“Nattverden” av Leonardo da Vinci/Wikipedia