– Det er så kjekt å lesa. Då blir eg betre til å lesa, og så får eg vera lenger oppe for å lesa på senga, fortel Alfred Stangeland (10).
Han er ein av over 130.000 barn som har vore med på Sommarles-kampanjen no i sommar. Det er rekordmange deltakarar som har lese rekordmange bøker og rekordmange sider.
– Eg har lese elleve bøker no i sommar, fortel Alfred.
– Eg har lese over ti bøker. Eg les ofte på sengekanten og når eg les lekser, fortel Ingrid Sagen-Roland (11).
Johannes Grov Nilsen (9) hugsar ikkje kor mange bøker han har lese, men han veit kva han likte best.
– Midtnattsgjengen er kanskje den beste eg har lese nokon gong. Den var spennande og kjekk.
Favorittbøker
Favorittboka til Alfred er Etter leggetid av Kristoffer Kjølberg, som er første bok ut i serien om Avisgjengen.
– Det er ei spennende teikneseriebok, men ikkje for skummel. Eg likar best teikneseriebøker og spenningsbøker. Ofte les eg Donald-blad og Donald-pocket.
Ei anna bok han likte godt var Flukten til verdens ende av Arne Svingen.
– Den handlar om ein gut på ein hemmeleg spionskule som rømmer frå skulen. Boka er både spennande og gøy og moro.
Årets sommarles
- 130 000 deltakarar frå heile Noreg, som har lese over 1,5 millionar bøker!
- Bibliotekarane i Sommarles-biblioteka har delt ut over 150 000 premiar!
- Den suverent mest lesne boka i sommar er Operasjon Mørkemann, av Jørn Lier Horst, og har blitt lesen nesten 16 000 gonger.