Undervisningsopplegg: FN

24. oktober, kvart år, blir FN-dagen markert. Kva er FN og kva kvifor har vi det?

Gruppediskusjon

Kvifor er FN framleis så viktig, så mange år etter at organisasjonen blei danna? Her kan elevane ta utgangspunkt i dei 17 FN-måla som er å finne i artikkelen.

Kva saker i verdspolitikken kjenner elevane til, som kan knyttast opp til saker FN må jobber meir med? (fattigdom, flyktningar, klimaendringar, liv på land/hav)

Kjenner elevane til politiske parti i Noreg som kan knyttast til nokre av dei 17 FN-måla?

Kompetansemål etter 7. årssteget

Samfunnskunnskap:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • diskutere formålet med FN og anna internasjonalt samarbeid, også urfolkssamarbeid, og gje døme på den rolla Noreg har i samarbeidet
  • gjere greie for hovudprinsippa i FN-pakta, FNs menneskerettserklæring og sentrale FN-konvensjonar, mellom anna ILO-konvensjonen om urfolks rettar, vise korleis dei kjem til syne i lovgjeving, og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar