Greta seglar til klimakonferanser

Greta Thunberg tar ikkje fly, men det hindrar henne ikkje i å delta på klimakonferanser i New York og Chile.

No i midten av august seglar Greta Thunberg over Atlanterhavet for å delta på  klimakonferanser i USA og Latin-Amerika.

Klimaaktivisten frå Sverige tar ikkje fly, og er glad for å kunne segla utan å sleppa ut noko CO2. Ho vil bruka det neste halvåret i Amerika for å kjempa mot klimaendringane.

Båten ho skal segla med er den 60 fot lange konkurransebåten Malizia II som har solpanel og turbinder (propellar) under vatn som gir energi til ein utsleppsfri overfart.