Feirar kjærleiken under PRIDE

Juni er månaden då mange går i tog med regnbogeflagget. Dette gjer vi for å vise at det er lov å forelske seg i ein av same kjønn.

Politiet arresterte dei homofile

I 1950- og 1960 åra i USA var homofili forbode i nesten heile landet. Dei kunne ikkje vise at dei var homofile. Likevel var det mange uteplassar der homofile fekk vere seg sjølve.

Politiet kom ofte på desse uteplassane og arresterte dei som var der. Det gjorde dei homofile svært utrygge.

Pride starta med eit opprør ved ein homobar

Natt til 28. juli i 1969 ved baren, Stonewall Inn, byrja dei homofile eit opprør mot politiet. Det var starten på den årlege Pride-paraden.

Dei homofile protesterte for at dei kunne vere opne med si legning utan frykt for å bli arresterte.

Pride i Noreg også

I fleire og fleire byar og tettstader er det mange som går i tog éin gong i året for å vise at det er greitt at gutar likar gutar, og at jenter likar jenter. Pride-parade blir det kalla. Pride er det engelske ordet for å vere stolt. Pride handlar med andre ord om å vere stolt av kven ein er, uansett kven ein forelskar seg i.

Kva er du?

Kva er du?

Homofil52
Lesbisk143
Heterofil189
Bifil269
Anna55
Svar totalt: 708

Forklaringar:

  • Homo – ein gut som blir tiltrekt av andre gutar.
  • Lesbisk – ei jente som blir tiltrekt av andre jenter.
  • Hetero – ein gut eller ei jente som blir tiltrekt av det motsatte kjønn.
  • Bifil – ein gut eller jente som blir tiltrekt av begge kjønn.
  • Anna – nokre vil ikkje sette seg inn i ein bås, noko som er også heilt fint.

REGNBOGEFLAGG: Dette flagget er eit verdskjend symbol for rettane og frigjeringskampen for for dei homofile.  

Fargane symboliserer dette:

  • Raud: livet
  • Orange: sunnheit
  • Gul: sollys
  • Grøn: natur
  • Blå: harmoni
  • Lilla: sjel