– Bursdagsfeiring er vanskeleg for ein del barn

Fargerike ballongar heng i innkjørselen, pølsene er varme, finkleda er på. Mange kjem, men ikkje alle. Ein person kjem ikkje. Han kom ikkje sist heller. Og ikkje gongen før der.

– «Alle skal med!» blir ofte sagt når ein skal feire bursdag. Men barnebursdagar blir likevel vanskeleg for ein del barn, seier kulturforskar Hilde Danielsen til Norceresearch.no

Eigne tradisjonar

– Tenk berre på kor stor vekt mange legg på å gje ei gåve som passar, som ikkje er for dyr og ikkje for billig. Eller kor vanskeleg det kan vera å velje kven som skal bli invitert. Eller kor vanskeleg det er for mange foreldre å gje barna ein bursdag som kan glede dei, seier Hilde.

Dette gjeld både dei som har budd i Noreg heile livet, men også dei som har kome hit som innvandrarar eller flyktningar.

Ein del innvandrarar har ikkje feira bursdag i heimlandet, og nokon kjenner ikkje til kva dato dei vart født.

– Dei opplever at skule, vener og foreldre ventar at dei skal delta i bursdagsfeiringa, men har gjerne ikkje høve til det. Nokon meiner at det strir i mot den religiøse trua deira, og enkelte familiar har ikkje økonomi som strekk til, seier Hilde Danielsen.

Byggja venskap

Sosialantropolog Synnøve Bendixsen, som også har forska på barnebursdagar, seier til Norceresearch.no at bursdagar kan vera ein sjanse til å inkludere alle i det norske samfunnet.

– Det å komme heim til kvarandre, dele eit festmåltid og utveksle gåver skaper nye bånd som kan byggja venskap.

– En del foreldre vi intervjua i forskinga var opptekne av at andre folk sine barn, særleg barn med innvandrarbakgrunn, også skulle komme i bursdagar. Desse foreldra la til rette for at alle barn kunne delta – til dømes ved å fortelle foreldra at dei serverer halalpølser, eller ved å forklare vegen til selskapet nøye. Mange passa også på å halde prisane låge på gåvene, fortel Synnøve.