Viktig at alle kjem i bursdagen

Framtida Junior har snakka med Karolis (11), Simen (11), Angelica (11) og Eva (11) om kva dei vil gjere om nokon ikkje kjem i bursdagar.

Karolis Markunas (11)

Foto: Janne Nerheim

Kva er klassen din sine reglar for bursdagsfeiring?

– Fram til 5. klasse var det slik at vi måtte invitere alle gutane eller heile klassen. No kan vi invitere heile klassen, alle gutane eller berre nokre få vener. Det er meir opp til oss sjølv no.

Viss nokon ikkje kjem i bursdag, kva kan du gjere for å gjere det lettare å komme i bursdag?

– Då vil eg snakke med den personen om kva som gjer at han/ho ikkje kjem. Viss det er fordi personen ikkje kan ete svin, eller er allergisk mot noko vi skal ete, kan vi jo kjøpe inn noko som passar for den det gjeld.

Simen Gravdal (11)

Foto: Janne Nerheim

Kva er klassen din sine reglar for bursdagsfeiring?

– Mor mi seier at eg må invitere alle gutane viss eg fyrst skal invitere nokon frå klassen.

Viss nokon ikkje kjem i bursdag, kva kan du gjere for å gjere det lettare å komme i bursdag?

– Snakke med den det gjeld, og kanskje skrive på invitasjonen at dei må ringe om dei ikkje finn fram, eller om dei har andre spørsmål. I min bursdag laga far min halalpølser til dei som ikkje kan ete svin.

Angelica Almås Tyse (11)

Foto: Janne Nerheim

Kva er klassen din sine reglar for bursdagsfeiring?

– Eg inviterer alle jentene i klassen.

Viss nokon ikkje kjem i bursdag, kva kan du gjere for å gjere det lettare å komme i bursdag?

– Eg sjekkar om nokon er allergiske eller ikkje kan ete noko før bursdagen. Viss nokon ikkje likar noko, eller ikkje kan ete noko, kan vi jo lage noko anna. Viss eg merkar at nokon ikkje tør å kome i bursdag, kan eg snakke med dei. Dersom det er ein person som ikkje kjem, gong etter gong, ville eg ha snakka med læraren.

Eva Fagerbakke Tesdal (11)

Foto: Janne Nerheim

Kva er klassen din sine reglar for bursdagsfeiring?

– Vi har reglar når det kjem til bursdagar. Vi inviterer alle jentene, eller alle i klassen. Det hadde vore dumt viss nokon opplevde å ikkje bli invitert i bursdagar.

Viss nokon ikkje kjem i bursdag, kva kan du gjere for å gjere det lettare å komme i bursdag?

– Då må eg spør kvifor dei ikkje kjem på ei vennleg måte. Du kan jo ikkje tvinge nokon, men prøve å invitere neste gong. Dersom det skjer fleire gongar, ville eg ha snakka med dei om det er noko eg kan hjelpe med.