Løvene i dyrehagen bæsjar glitter

I Australia er det ein dyrehage som strør glitter på kjøtet før løvene får mat.

Dyrepassarane i Werribee Open Range Zoo gjer ikkje dette for å ha det gøy, men fordi dei treng å vite kven av løvene som har bæsja, skriv Kids News.

Å ha glitter på maten er faktisk ein vitskapleg teknikk som blir kalla “avføringssporing” der glitteret blir kalla “markøren”. At glitteret er ein markør tyder at det skal setje eit spor i bæsjen.

Trygt og enkelt

Når dyrepassarane studerer bæsjen, for å sjå om løvene er friske og har det bra, veit dei kva løve det er snakk om.

– Folk er ofte veldig overraska når dei finn ut at vi nyttar glitter i arbeidet vårt, fortel dyrepassar Nicola McCleery til Kids News.

– Det kan vera vanskeleg å vite kven av løvene som har bæsja utan å nytte denne teknikken. Dette er veldig enkelt, og ein trygg måte å overvaka dyra på, seier Nicola.