Tre eggsperiment du kan gjere i påska!

Vitensenteret Vil Vite i Bergen har mange ulike eggsperiment denne påska. Her kan du sjå video av nokre eggsperiment! Eggspert Karl Grodås viser korleis du kan gjere dine eigne forsøk heime.

Leah Aurora Martinussen (7) studerer eksperimenta eggspert-Karl viser fram på Vil Vite. Ho er spesielt imponert over korleis eit rått egg ser ut når skalet er vekke. Utan at det er knust. Korleis er det mogleg?

Kan eg få halde det?, spør Leah Aurora.

PLOMMA: Eggspert-Karl viser fram eit egg som har lagt i eddik i to døgn. Foto: Janne Nerheim

Det kan du! Men du må vaske deg på fingrane etterpå, for dette egget har vore i eddik. Og eddik er ei syre, fortel Karl.

Leah Aurora plukkar opp egget og kjenner på det. Held det forsiktig slik at det ikkje sprekk.

Viss det går hol på denne tynne hinna som er mellom plomma og eggeskalet, vil plomma renne ut, fortel Karl.

Har du lyst å gjere dine eigne eggsperiment? Sjå videoane under!

 

Nr. 1: Korleis skilje plomma frå eggekviten viss egget allereie er kakka?

Dette treng du: Rått egg, plastflaske og ei skål.

Slik gjer du: Knepp på plastflaska og plasser flasketuten heilt inntil eggeplomma. Så slepp du flaska ut att, og vipps vert eggeplomma sogen inn i flaska.

Nr. 2: Korleis få eit egg ned i ei glasflaske

Dette treng du: Hardkokt egg, glasflaske med tut som er mindre enn egget, og fyrstikker.

Slik gjer du: Kok og skrell egget. Tenn to-tre fyrstikker (få hjelp av ein vaksen) og slepp fyrstikkene ned i glasflaska. Set egget på tuten og sjå korleis egget blir sogen ned i glasflaska!

Nr 3: Legg eit egg i eddik og sjå kva som skjer

Dette treng du: Rått egg, eddik og ei skål

Slik gjer du: Hell eddik i ei skål og legg egget i eddiken. Vent i 48 timar. Få hjelp av ein vaksen til dette eksperimentet, og bruk hanskar. Eddik er ei syre, så det kan svi på hendene. Etter to døgn tek du opp egget frå skåla. Kva har skjedd?