Min hobby: Skiskyting

Brørne til Guri Feten (14) dreiv med skiskyting. Då ville ho også prøve seg på det. Og no er målet å kome seg opp på pallen på skiskytarfestival.

  • Namn: Guri Feten
  • Alder: 14 år
  • Heimstad: Leveld

 

Kva hobby driv du med?
– Eg driv mest med skiskyting, men går også på orientering, dans, sang, langeleik og fotball

Kva tid starta du?

– Eg starta i 3. klasse

Kor ofte trenar du?

– Eg trenar 3 eller 2 dager med skiskyterlaget, men eg trener 1 til 2 dager med anna trening.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Det vart hobbyen min, fordi brødrene mine driv med det. Då ville også eg starte.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Det er spanande, og det er ikkje avgjort før ein er i mål. For alt kan skje.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Målet er å kome på pallen på bendit. (Skiksytarfestival).

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på trening?

– Mamma seier at eg må reise på trening.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?

– 7

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?

– Eg må bli raskare på ski.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Du burde prøve. Det er utroleg spanande.