MIN HOBBY: Vil spele Alan Walker-songar

Simen (12) har ein bror som spelar engelske songar på piano. Det vil han også lære seg.

 

Namn: Simen Håland Sørheim

Alder: 12 år

Bustad: Etne

 

Kva hobby driv du med?  Piano.

Kva tid starta du? To år sidan.

Kor ofte trener du? Kvar måndag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din? Eg ville ha noko anna enn fotball. Eg trenar fotball nesten kvar dag, så eg ville lære eit instrument også.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på? Det er gøy å kunne spele eit instrument.

Kva er målet ditt med hobbyen? Piano driv eg berre med for å ha det gøy, men i fotball er målet å bli proff.

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på øving? Det hender at eg ikkje vil gå, men eg går uansett.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti? 6.

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre? Øva meir. Eg speler ganske vanskelege songar no, men det er mange kule engelske songar eg vil lære. Bror min er god i piano, og han spelar til dømes Alan Walker-songar. Det har eg lyst til.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med? Viss du lærer deg piano kan du lære mykje, og bli proff om du øver nok. Men det vil ikkje eg. For meg er det fotballen som gjeld.