Margaret (9) – Synging gjer meg glad

MIN HOBBY: Les om Margaret sin hobby. Vil du fortelje om din hobby? Info finn du i saka.

Send oss din hobby

Vil du fortelje om din hobby?

  • Kopier spørsmåla frå saka, svar på dei og send dei til oss på tips@framtida.no
  • Merk mailen med “Min hobby”.
  • Vi publiserer aldri utan samtykke frå forelder.
LES FAKTALUKK FAKTA

Namn: Margaret Essien Etokebe
Alder: 9 år
Bustad: Fedje i Nordhordland

  • Har du ein hobby? Svar på spørsmåla under og send oss mail på tips@framtida.no Merk mailen med Min hobby (Meir info, sjå faktaboks).

Kva hobby driv du med?

– Eg syng! Eg syng også i barnekor

Når starta du?

– Eg begynte å synge før eg kunne snakke. Eg var berre eitt år! Men i barnekoret begynte eg då eg var tre år.

Kor ofte øver du?

– Eg øver kvar dag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Synging gjer meg glad, så det var vel difor eg starta med det.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Mamma og pappa blir òg glad når eg syng.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Målet er å lage ein song som eg kan vere med i MGP junior

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på øving?

– Det går aldri ein dag utan at eg syng.

Kva har dirigenten eller læraren gitt av tilbakemeldinger?

– Både lærarar, foreldre og dirigent skryt av meg. Eg syng høgt og klart. Eg har faktisk fått synge solo fleire gonger.

Kor god er du på ein skala frå ein til ti?

– 8.

Kva må du jobbe meir med for å bli enda betre?

– Det er nok dei høge tonane, og bli litt tøffare framfor publikum.

Kor mykje kostar denne hobbyen?

– Det som er bra med synging er at det kostar meg ingenting. Eg kan synge når og kvar eg vil.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Alle bør synge for det gjer oss glad! Det gjer iallfall meg glad.