Terje (11): – Eg vil spele for Brann

MIN HOBBY: Terje Langhelle trivast best på eit lag.

 

Namn: Terje Langhelle (11)

Alder: 11

Bustad: Skånevik

 

Kva hobby driv du med?  

– Eg spelar fotball!

Kva tid starta du?

– Det var i 3. klasse. Vi var faktisk for få til å lage eit lag før det, så då vi starta i 3. klasse vart vi slått saman med ein klasse til.

Kor ofte trener du?

– Eg har vore skada i foten, men vanlegvis har vi to treningar og ein kamp kvar veke.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Det var i grunn fordi alle andre dreiv med det. Etter kvar oppdaga eg at det er veldig gøy med lagspel.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

– Det er veldig kjekt. Viss eg sluttar trur eg ikkje venene mine kjem til å bli glade – for eg er ganske flink i forsvar.

Kva er målet ditt med hobbyen?

– Å bli betre i fotball. Eg skal ikkje på landslaget, for eg trur ikkje eg blir så god. Men eg håpar å spele på Brann. Det er målet mitt.

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på trening?

– Eg må jo berre gå. Det er ikkje snakk om at eg ikkje skal. Eg har lyst, for eg synst det er så kjekt. Av og til kan eg ikkje gå, fordi eg er skada.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?

– Seks.

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?

– Meir ballkontroll.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Fotball kan vera vanskeleg i starten, men etter kvart blir det betre. Og då blir det veldig gøy!