MIN HOBBY: Emma (9): – Eg trener tre hundar

Emma har ein Amerikansk cocker spaniel som heiter Kaos, og to Engelsk springer spaniel som heilter Bravo og Woody.

  • Namn: Emma Mills
  • Alder: 9 (bursdag 31. oktober)
  • Bustad: Etne

Kva hobby driv du med?

Hundar! Vi har ein Amerikansk cocker spaniel som heiter Kaos, og to Engelsk springer spaniel som heilter Bravo og Woody.

Når starta du?

Då eg var ganske liten. Eg har faktisk hatt hund heile livet.

Kor ofte trener du hundane?

Eg kosar masse med dei, og det blir jo litt småtrening kvar dag.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

Fordi hund er favorittdyret mitt!

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?

Det er gøy å trene Bravo. Kaos er litt sta og Woody er ti år og døv. Så det er ikkje så enkelt å trene dei to.

Kva er målet ditt med hobbyen?

At hundane skal like meg best! Kaos sit ved meg når vi et middag. Han håpar på å få noko godt. Difor legg han seg under bordet.

Kor god er du på ein skala frå ein til ti? 5!

Eg har framleis noko å lære. Nokon triks er veldig vanskelege, men mamma hjelper meg. Ho er med i hundeklubb og går på hundekurs.

Kva må du jobbe meir med for å bli enda betre?

Eg må jobbe med at hundane skal høyre på meg. Spesielt Kaos. Han høyrer ikkje alltid, og eg må trene på å få han til å gi meg merksemd når vi trenar.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

Viss du har lyst på hund er det nokon ting du må gjere veldig ofte. Hundar treng mat, nok drikke, nok kos, og trening. Vi må gå på tur, og dei må få masse omsorg. Viss du vil hunden skal vera glad i deg, må du gi ham masse kos.