Her er superheltane på Leirvik skule

Jamie, Anker, Ole Knut, Yara, Natalie, Marco og den anonyme, usynlege katten vi ikkje kan sjå, har laga sin eigen teikneserie. Dei leikar, og så teiknar Yara det som skjer. Kva er heltane sine superkrefter?

GJENGEN: Jamie, Anker, Ole Knut, Yara, Natalie, Marco og den anonyme, usynlege katten vi ikkje kan sjå.
FOTO: Janne Nerheim

Jamie Joy Mifsud Litlehammer (11) er ein panda.

Mine krefter er at eg er sterk og ekstremt rask. Isbjørnen og eg er dei sterkaste. Eg kan klappe i hendene, og så kjem det sjokkbølger mot den som står framføre meg.

Øyvind Anker Risøy Fosse (11) er ein isbjørn.

Eg er rask i beina og har veldig raske bevegelsar. Dessutan er eg ekstremt sterk i armane. Eg kan også teleportere. Det betyr at eg kan flytte meg frå ein stad til ein annan utan å gå dit eg skal.  

Marco Vågen Tøkje (11) er ein T-rex.

Eg kan skyte eld ut munnen slik som ein drage. Så kan eg fly, og viss eg fokuserer veldig kan eg skyte lyn eg hentar frå skyene.

Natalie Haugland (12) er ein rev ved namnet Fox.

Eg er ein skygge som kan teleportere. Eg kan også gå gjennom veggar.

Ole Knut Urdal (11) er ein raptor, ein slags dinosaur.

Eg har elementkrefter. Det betyr at eg kan bruke vatn, eld, luft og elektrisitet til min fordel. Eg er også mekanikeren i gjengen. Eg lagar ting, og har til dømes laga min eigen hjelm.

Yara Saadia Yaghi (11) er ein kvalp.

Eg kan lage ting med tankane mine. Eg kan til dømes fylle ein kopp med drikke kun ved å bruke tankekraft. Eg kan også fly.

Anonym (11) er ein katt ved namn Katy.

Kan bli usynleg, og er veldig sterk. Ho var usynleg den dagen Framtida Junior var på besøk.