– Vi er superheltar i vår eigen teikneserie

Denne gjengen med 11- og 12-åringar leikar saman for å skape sine eigne teikneseriar.

Gjengen møtes ofte i friminutta på skulen. Nokon går i A-klassen, og nokon går i B-klassen i 6. klasse på Leirvik skule. Dei har ein heilt spesiell måte dei lagar teikneseriar på.

Vi leiker det vi vil superheltkarakterane vår skal gjere, så diskuterer vi, og så teiknar Yara det, fortel Ole Knut.

Eg har alltid hatt lyst til å teikne og lage historiar. Eg har sett ein del på YouTube og ulike animasjonsfilmar, der eg fekk inspirasjon til å lage teikneseriar, fortel Yara.

FOTO: Janne Nerheim

Ubrukt skulebok

Ho fann fram ei skulebok ho ikkje brukar, og diskuterte med venegjengen om dei hadde tankar om kva ho kunne teikne. Dei blei einige om at alle skulle få sin heilt spesielle karakter, og at alle karakterane skulle vera dyr. Dyr som er superheltar.

Vi gir andre kvarandre tips og idear. Viss nokon står litt fast, og ikkje veit heilt kva dei skal gjere i leiken, hjelper vi kvarandre, seier Jamie.

Det vi leiker gir meg idear til kva som skal skje og kven som seier kva. Alle her hjelper til, seier Yara.

På engelsk

Teikneseriane skriv dei på engelsk.

Vi skriv på engelsk. Eg synest det er enklare, og det går raskare.

Yara kjem frå Tyskland, men har budd heile livet i Noreg. Men, alle i gjengen får øve på engelsken når dei leikar og skriv i lag.

– Vi snakkar faktisk engelsk når vi har møte også. Det er berre slik det blir, seier Ole Knut.