Stor sorg på New Zealand

Minst 49 personar er bekrefta drepne etter at to moskear i byen Christchurch på New Zealand blei angripen. Ein mann frå Australia seier han står bak terrorren.

VG.no skriv at den australske mannen som tek på seg skylda er inspirert av Anders Behring Breivik

Statsminister i Australia kallar den mistenkte gjerningsmannen ein «ekstremistisk, høgrevridd, voldelig terrorist».

Men kva vil det seie å vere ekstremistisk høgrevridd?

Ekstremist er ein person med politiske synspunkt som ligg langt frå det politikken eller folket tenker. Ordet høgrevridd blir ofte nytta for å forklare på kva side av politikken ein står på. Ein som er høgrevridd er konservativ (gamaldags) i tankemåten.

Det at denne terroristen er ekstremistisk høgrevridd vil seie at han mest truleg er imot invandring, og meiner at Islam er farleg for dei kristne verdiane.

Dette er grunnen til det fæle han har gjort

Han har skrive eit manifest (tekst) der han fortel at han har gjort dette som eit svar mot alt som har hendt av terror i den vestlege verda. Han uttrykker også bekymring for auka innvandring og fallande fødselsratar blant vestlege.