20 år sidan det største terrorangrepet i USA

11. september 2001 sjokkerte terroristar heile verda då dei gjekk til angrep på USA. Det som skjedde har hatt store følgjer for ettertida.

Kva er terrorisme? 
  • Terrorisme er ulovlege, skadelege og valdelege handlingar som er retta mot sivile menneske. Sivile menneske er vanlege menneske og ikkje militære.
  • Ofte er det snakk om at terrorisme skjer ved eller i bygningar/transportmiddel, der det er mange uskuldige menneske til stades.
  • Målet til terroristane er å oppnå enkelte mål som mellom anna å påverka politikk. Dette gjer dei ved å skapa frykt eller ved å skremma ein heil befolkning.
  • Viss terroren ikkje skal fungera, må me visa at me ikkje er redd.
  • Noreg er blitt oppfatta som eit land med lite terrorisme.

Kjelde: ung.no, wikipedia.org

LES FAKTALUKK FAKTA

11. september 2001 kapra terroristar tilknytta organisasjonen Al-Qaida fire fly i USA. To av dei krasja i kvar sin skyskrapar i New York. Det tredje flyet krasja i USA sin forsvarsdepartementbygning Pentagon, medan det fjerde styrta i Pennsylvania før det nådde fram der det var tenkt.

Sjølv om terrorangrepet involverte fire fly, er det dei to i New York som er blitt sjølve bildet på det som skjedde denne septemberdagen i 2001.

Ein time med kaos

USA vakna opp til at eit av dei fire passasjerflya hadde treft det nordlege World Trade Center-tårnet kl. 08.46. 16 minuttar seinare, klokka 09.03, kunne tv-sjåarar frå heile verda sjå korleis det tredje kapra flyet krasja rett inn i det sørlege World Trade Center-tårnet.

Dei to samanstøyta førte til enorme brannar, som var synlege frå store deler av den amerikanske byen. Varmen frå brannane gjorde at begge tårna kollapsa etter ein time.

Ifølgje Store norske leksikon, mista 2753 menneske livet i New York, 184 i Pentagon og 40 i flystyrten i Pennsylvania. Alle som var om bord i flya døydde også.

Røyk bølgjar ut frå World Trade Center Tower 1. Flammane eksploderer frå Tower 2, då det blir treft av American Airlines Flight 175 i New York. Foto: AP / Chao Soi Cheong

Store globale følgjer

Det som skjedde den 11. september 2011, fekk store konsekvensar for heile verda. Visste du for eksempel at det ikkje var sikkerheitskontrollar på alle flyplassar før 11. september? Angrepa førte til mykje strengare sikkerheit på flyplassar og elles i transportnæringane.

I tillegg til dette, valde dåverandre president i USA, George W. Bush, å ta opp krigen mot terror. Dette gjorde han ved å gå til angrep på Afghanistan i oktober 2001, der målet var å ramma Al-Qaida og Taliban som styrte Afghanistan. Angrepet var også medverkande til at USA gjekk til angrep på Irak i 2003.

Fleire hundre mistenkte terroristar vart i løpet av desse åra fengsla og sett i ein fangeleir i Guantanamo Bay.

Ground Zero: Slik såg det ut der dei to tårna stod seks dagar etter terroren den 11. september. Foto: Flickr / @slagheap / Eric J. Tilford, CC BY-SA 2.0-lisens