Korleis tenkjer ein terrorist?

Krisepsykolog Atle Dyregrov har gode svar til deg om kva terror er, om korleis ein terrorist tenkjer.

Korleis tenkjer ein terrorist?

– Tenk at du blir rasande sint på ein i klassen eller ein ven. Du får lyst til å slå til personen. Men då veit du at du får problem. Det kjem ei bremse som stoppar taankane dine. Hjernen din har ein slags ryddemaskin som fjernar feiltankar eller farlege tankar. Bremsene kjem på av seg sjølv når du treng dei. Men hos terroristane blir ikkje desse bremsene brukt, og det er ingenting som stoppar dei sinte/vonde tankane. Bremsene er ikkje brukt og ryddemaskinen verkar ikkje eller er øydelagt.”

Korleis blir ryddemaskinen øydelagt?

– Når fleire er samla i ei gruppe og terroristane har liten kontakt med andre menneske bortsett frå dei som har samme feiltankar som dei sjølve, kan dei skape dårlige idear og tankar saman og bli enige om å handle etter desse feiltankane. Å vere i ei gruppe kan gjere at bremsane ikkje brukast og deretter gjer menneske forferdelege ting.

Er det mange som får tankar som er dumme eller farlege?

– Alle menneske har bremser i hovudet for å stoppe farlege tankar. Nokon gongar gjer eller seier alle dumme ting. Det er ikkje ein sjukdom! Det er heilt normalt. Då kan me be om unnskyldning. Bremsene og ryddemaskinen er våre gode vener. Diverre, i nokre få menneske verkar både bremser og ryddemaskinen dårleg, kanskje fordi personen opplevde masse forferdelege ting i sin barndom. Men det er også mogeleg at hjernen har blitt forgifta og full av sprø og sinte tankar på grunn av folk personen er saman med. Det viktigaste er at det er SVÆRT sjeldan at nokon får slike tankar om å drepe andre menneske.

Kva kan me gjera med terrorisme?

– Me må stole på politiet. Dei har system for å overvake mobiltelefonar og halde orden på kva som skjer på internett mellom dei som er mistenkt for planlegging av terrorisme. Viss dei finn at det er ein fare for terrorisme, vil dei gjere ting for å hindre at noko skjer. Dei vil overvake og beskytte flyplassar, tog, bussar og viktige bygningar der regjeringa (dei som bestemmer i landet) held til. No samarbeider politiet i mange land med kvarandre og det gjer at terror kan bli oppdaga før terroristane får gjort noko gale.

Skjer terror ofte?

– Nei, me trur det skjer ofte fordi terror får så stor plass i TV, radio, aviser og internett. I vårt land har det ikkje vore terror på mange år. Det beste me kan gjera er å leve normalt og ikkje la oss skremme.