Kva er det mest overraskande dykk fann ut i arbeidet med boka?
– Me har jobba med fotball i ganske mange år no, så me visste mykje av det frå før av. Men me sjekka litt om Martin Ødegaard var den aller yngste som nokosinne hadde spelt ein VM-kvalifiseringskamp. Han spelte nemleg ein kvalifiseringskamp då han var berre 15 år og 300 dagar, men det viste seg å vera EM-kvalifisering. Og så oppdaga me at det var ein som var MYKJE yngre uansett. I 2001 spelte nemleg Souleymane Mamam for Togo mot Zambia i VM-kvalifiseringa, og han var berre 13 år og 310 dagar gammal!

Kva er den villasta historia frå eit VM som er med i boka?
– Den villaste historia er kanskje om fysioterapeuten som svima av då han skulle ut på grasmatta for å hjelpa ein skadd spelar. Han snubla og knuste ei flaske i legeveska si og gassane frå flaska knocka han rett ut!
Om dykk kunne reist til eitt VM i historia, kva ville dykk valt?
Aleksander: – VM i Mexico, 1986. Argentina-England. Dette er ein av dei mest legendariske fotballkampane i historia. Diego Maradona skårar to av dei mest berømte måla i VM-historia. Det eine målet slår han i mål med handa og det andre målet kjem etter at han spring 60 meter med ballen i beina medan han driblar halve det engelske laget på rumpa.
Thomas: – Eg synest det første VM i Uruguay i 1930 høyrest såpass vilt ut at eg gjerne skulle sett korleis det var. Det var så dårleg stemning mellom Argentina og Uruguay i finalen, at dei måtte samla inn tusenvis av våpen frå folk på veg til stadion. Dommaren måtte ha ein båt han kunne flykta med ståande klar i hamna, i tilfelle tilskodarane kom til å angripa han. Det høyrest kanskje litt mykje ut, men det hadde vore gøy å oppleva.






















