– Det er superkult at det er miljøagentar det går an å treffa rundt omkring i heile Noreg, sa Andreas Bjelland Eriksen til Miljøagentane på Stord då han fekk treffa dei sist veke.
Miljøagentane er barnas miljøorganisasjon, og jobbar for å gi barn tru på seg sjølv og at det nyttar å gjera noko for miljø og klima.
– At me har miljøagentar ute lokalt som fortel folk at det går an å gjera ein forskjell i kvardagen, og at går an å gjera ting kvar for oss, som er med og bidrar til å ta mer vare på naturen. Det trur eg er kjempeviktig for at me skal klara å lukkast, seier miljøministeren.

– Kvifor ville du bli klima- og miljøminister?
– Det er fordi eg ikkje klarer å tenka meg så mykje som det er betre å få lov til å jobba med enn klima og natur. Å få lov å vera med og prøva å ta vare på naturen – det er kjempespennande, meiningsfullt og engasjerande.
– Kor gamal var du då du ville bli miljøminister?
– Oi, det var eit vanskeleg spørsmål. Eg melde meg inn i AUF då eg var tolv år. Då begynte eg med ungdomspolitikk, og eg hadde veldig lyst til å engasjera meg i klima- og miljøspørsmål. Eg skal ikkje seia at eg hadde bestemt meg for å bli miljøminister då, for det er liksom ikkje noko heilt du bestemmer deg for. Det er jo ikkje ein jobb du kan søka på. Det er statsministeren som ringer og spør om du har lyst til å ha den jobben.
– Uansett kva du er engasjert i, så er det bra å finna eit område der du kan engasjera deg, og gjera ein forskjell akkurat sånn som de gjer.

– Kva kjem du til å vera mest stolt over ha gjort som miljøminister når du blir gammal?
– Eg håpar jo eg ikkje har gjort alt jeg skal gjera enno. Men eg trur me kan gjera to viktige ting. Det er å sørga for at Noreg kuttar klimagassutslepp raskt nok og at me klarer å ta endå betre vare på naturen vår, slutta å bygga ned så mykje av naturen vår som me bygger der.
Miljøministeren kjem med ei oppmoding:
– Viss de ser folk som kastar snus eller søppel på bakken, så må de gå bort til dei og sei: «Eg er miljøagent, og sånn gjer me ikkje i Noreg. Me kastar søppel i søppeldunken i staden!






















