Reisebrev frå Antarktis

Oda Linnea Brekke Iden (20) er på tokt i Antarktis med forskingsfartyet «Kronprins Haakon» for å sjekke krill og rolla den spelar i økosystemet.

Dette skriv Oda….

«Timar etter «Kronprins Haakon» la frå kai i Punta Arenas, kunne ein oppleve delfinar som hoppa langs baugen på båten og symde fram og tilbake, mens båten segla framover. Både lufta og lukta ute på dekk blei annleis. Det blei fort kaldere og friskare, jo lenger sør vi segla. Likevel var det ei sterk sol som skein på båten. Ein får ei kjensle som minner om å vere på fjellet i påsken. Med appelsin og varm saft. Berre at ein er midt på havet, med delfinar som hoppar rundt deg.

Oda har også sett mange kvalar. Den som har kvite flekkar er ein knølkval (Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet)

Naturen vi fekk sjå utanfor når vi endeleg var framme ved King George Island var fantastisk. Store fjell dekka av flott, urørt snø. Isbrear låg som eit teppe nedover fjella. Og havet var krystallklart. Berre eit gjennomsiktig blått lag som hadde lagt seg på bakken.

Forskarane jobbar med havet og dyra som lev i det. Enten det er gjennom vassprøver frå fleire hundre meters djup eller gjennom spekkprøver frå kval i området rundt oss. Fiskane og krillen som kjem i trålen blir studert nøye og analysert. Vekt, lengde og art blir dokumentert.

Slik ser krillen ut. Det er rekeliknande krepsdyr som er næring for fisk og andre dyr. Det er dette som er hovudgrunnen til at “Kronprins Haakon” er i antarktis. (Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet)

Eg kan skjøne kvifor ein vil jobbe som forskar. Spesielt når ein får dra på tokt som dette til Antarktis. Det å få jobbe så tett på dyr og natur. Å oppdage ting som ikkje er oppdaga før. Å kunne sjå sola gå ned i havet.

Det er rart korleis ting endrar seg så fort. Ein dag sit ein heime i Noreg og ventar på ein ny kvardag med jobb. Ein annan dag ser ein sola gå ned i Sørishavet. Det er noko spesielt med Sørishavet og Antarktis.

Pingvinar på eit isfjell (Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet)

Sjølv om menneske har segla hit i mange år, kjennest det urørt ut. Som om det aldri har vore nokon her før. Og det er vel kanskje det som skil dette havet frå mange andre hav. Kjensla av at noko er urørt og nytt. Nytt, men samtidig svært gammalt.»

Det er vakker natur som Oda tek bilete av. her er delar av SørOrknøyane ved Antarktisk. (Foto: Oda Linnea Brekke Iden / Havforskningsinstituttet)