NASA: Har oppdaga gigantisk holrom i ein av verdas viktigaste isbrear

Isbreen i Antarktis smeltar raskare enn ein har rekna med. Dét kan få store konsekvensar for havnivået.

Ein ny studie utført av NASA har oppdaga eit enormt holrom på botnen av Thwaites-breen i Antarktis. Det er nesten 300 meter høgt, og veks stadig.

NASA skriv at forskarane hadde venta å finne noko holrom mellom isen og berggrunnen, men at dei vart overraska både over storleiken og den veldige veksten på holrommet.

Det amerikanske romfartsorganisasjonen undersøker breen i samband med eit forskningsprosjekt som starta i 2010, der dei undersøker samanhengen mellom polarregionane og klimaet.