– Gummigranulat kan skade smådyr

80 prosent av alle kunstgrasbanar i Noreg er dekka med små bitar av gamle bildekk. Nye studiar viser at kjemikaliar frå gummikulene kan gjere skade på smådyr som lev i sjøvatn, ferskvatn og jord.

– Frå 1. januar 2019 blei det innført nye reglar om at fotballbanar må ha rett utstyr for å samle opp gummigranulat, skriv Lisbet Sørensen, forsker i avdelingen Miljø og nye ressurser på SINTEF Ocean, i ein kronikk i Dagbladet.

Gummigranulat er dei små, svarte gummikulene som ein finn i kunstgrasbanar.

Vi har tidlegare snakka med Tale (11), Sofia (10), Johannes (11) og Pelle (11) om kva dei meinar om gummi på kunstgras.  

Alvorleg skade

SINTEF-forskaren etterlyser svar på korleis granulatet skal bli samla opp. Ho er også bekymra for kva som skjer når gummikulene kjem på avvege.

– Nye studier viser potensielt alvorleg skade på smådyr som lev i sjøvatn, ferskvatn og jord, når gummigranulat-kulene kjem bort frå banen og skil ut farlege kjemikaliar, skriv ho.

Lisbet etterlyser no svar på dette frå politikarane, og ber dei store fotballklubbane vurdere om dei kan bytte ut gummikulene med andre, miljøvenlege alternativ. Til dømes sand.