Kvifor fekk reinsdyret Rudolf raud nase?

Kvifor fekk eit av julenissen sine reinsdyr namnet Rudolf? Og kva er det med den raude nasa?

Det er ofte Clement Clarke Moore som får æra for namna på julenissen sine reinsdyr. Han var professor i språk og budde i New York, skriv Historienet.no.

I 1823 skriv han diktet “A Visit from St. Nicholas”, der alle reinsdyra har namn.

Fargehefter

Den store butikken Montgomery Ward i Chicago laga fargehefter til kundane sine ungar kvart år. I 1939 var det krisetid, og butikken måtte spare inn pengar. Difor spurte dei som driv butikken ein av sine eigne ansette, Robert L. May, om han kunne lage eit fargehefte.

Han blei inspirert av Clement Clarke Moore sitt dikt og H.C. Andersen sitt eventyr “Den stygge andungen”. Ut frå det teikna han Rudolf med ei raud nase. Han blir mobba fordi han ser annleis ut enn dei andre reinsdyra.

Historia og teikningane blei ein enorm suksess, og butikken delte ut cirka 2,4 millionar eksemplar av heftet.