13. desember

I dag er det Lucia. Minnedagen til Lucia som blei ein helgen etter sin død.

Luciadagen er ein minnedag for den heilage Lucia.

Lucia var ei ung kvinne som leid martyrdøden. Det vil seie at ho blei drepen fordi ho trudde på Gud.

Lucia levde på 200-talet på øya Sicilia utanfor Italia. Det er fleire historier om henne, men ein av historiene fortel at ho gav pengar og gåver til dei fattige, noko som ikkje blei tatt godt i mot av byen leiarar, og som endte med at ho blei drepen.

Denne markeringa og tradisjonen står sterkt i Sverige, og nedanfor kan du sjå ein video frå ei kyrkje i Gøteborg (i Sverige) som markerer Luciadagen.