Bak dine eigne lussekattar

I morgon er det Luciadagen, så det er lurt å bruke ettermiddagen til å bake lussekattar!

Denne oppskrifta held til cirka 15 lussekattar.

Du treng:

  • 75 gram smør
  • 2,5 desiliter mjølk
  • 50 gram fersk gjær
  • 0,4 gram safran
  • ¼ teskei salt
  • 7,5 desiliter kveitemjøl
  • 1 desiliter sukker
  • 1 desiliter rosiner
  • 1 egg

Slik gjer du:

  1. Gjer klar kjøkkenmaskinen. Finn fram ein rein bolle. Sett ein eltekrok i kjøkkenmaskinen. Har du ikkje kjøkkenmaskin, kan du blande og elte for hand. Pass på at deigen blir elta godt, og spør gjerne ein vaksen viss det er vanskeleg.
  2. Sett ein kjele på stekeplata. Ha i smør. Skru steikeplata på middels varme. Varm opp til smøret har smelta.
  3. Når smøret har smelta: Mål opp mjølk og ha i kjelen. La det varme seg i eit par sekund til blandinga er fingervarm. Trekk kjelen vekk frå den varme plata.
  4. Bruk handleddet ditt til å kjenne om blandinga har rett temperatur. Den skal ha cirka same temperatur som kroppen din. Pass på så du ikkje brenn deg.
  5. Hugs å skru av plata!
  6. Ha smør- og mjølkeblandinga i bollen. Smuldre gjær med fingrane og ha det i bollen.
  7. Rør rundt med ein gaffel, slik at gjæren løyser seg opp.
  8. Ha i safran og rør godt.
  9. Mål opp salt, kveitemjøl og sukker, og ha det i bollen.
  10. No er du klar for å elte deigen. Sett maskinen på lav fart og la den gå i 10 minutt. 
  11. Deigen skal no vera glatt og ha ei blank overflate. Bruk gjerne ei deigskrape eller slikkepott til å skrape deigen vekk frå eltekroken og ned frå sidene på bollen. 
  12. Sett deigen til heving på ein lun stad under eit kjøkkenhandkle i 1 time (60 minutt). Sett den gjerne på badegolvet.
  13. Dryss litt mjøl på bakebordet, viss det trengs, og skrap ut deigen med ein slikkepott eller deigskrape.
  14. Elt deigen ved å kna den godt.
  15. Del deigen i cirka 15 bitar.
  16. Trill bitane til lange pølser cirka like tjukke som fingrane dine. Form lussekattar av pølsene og legg på eit steikebrett med bakepapir. Det finst mange variantar av lussekattar – bruk gjerne bildet til inspirasjon! Pynt med rosiner.
  17. La lussekattane etterheve på ein lun stad i cirka 30 minutt.
  18. Ta ut alle steikebrett fra omnen, slik at den er tom. Sett stekeomnen på 250 °C. Bruk over- og undervarme.
  19. Når lussekattane er ferdig å heve: Knekk eit egg i ein kopp og visp saman med ein pensel. Pensle lussekattane med egg. Då blir dei fine og blanke.
  20. Sett stekebrettet midt i omnen og steik i 8 minutt, til lussekattane er gylne.
  21. Finn frem ei rist og eit gryteunderlag. Bruk gryteklutar og ta steikebrettet ut av omnen, og sett brettet på gryteunderlaget. Legg lussekattane over på rista, og la dei ligge til dei er kalde.
  22. Hugs å skru av omnen!