Leksefri skule – bra eller dårleg?

Mange elevar synest lekser er kjedeleg, men finst det òg nokre fordelar med leksene?

Nora Bergum Hansen, 7. klasse ved Indre Hafslo skule:

FOTO: Johanne Marheim Øygard

Kva synest du om lekser?

– Eg syns lekser er kjedeleg fordi eg bruker opp fritida mi på lekser.

Kva syns du om å berre ha leselekse, då?

– Det går heilt fint å ha leselekse for å øve på å lese.

 

Malene Marheim Øygard, 9. klasse ved Luster ungdomsskule:

FOTO: Johanne Marheim Øygard

Kva synest du om lekser?

– Me har lekser både i helgane og i veka, og det er ikkje kjekt! Og så synst eg at lærarane er litt dårlege til å fordele leksene, for nokre dagar har me masse lekser, medan andre dagar har me mindre.

Er det noko som er bra med lekser?

– Det blir litt repetisjon og litt førebuing, men det tar masse av tida eg kan bruke på kjekke ting.

 

Ådne Marheim Øygard, 2. klasse ved Indre Hafslo skule:

FOTO: Johanne Marheim Øygard

Kva synest du om lekser?

– Kjedeleg, fordi det tek lang tid.

Kva synst du om å berre ha leselekse?

– Bra nok, fordi det tek mindre tid, og er morosamare enn dei andre faga.