Lukkelege vinnarar av MGPjr

Dei fire jentene Eline, Savannah, Maria Elisabeth og Bettina kunne ikkje tru sine eigne øyrer då programleiarane ropte opp vinnarnamnet. No er dei heilt ferske vinnarar av MGPjr 2018.

– Eg trudde programleiarane hadde ropt opp feil namn, eg fekk sjokk, seier Bettina Ranvik (13) fortel ho medan ho sit saman med resten av vinnargruppa, Eline Roa Gran (12), Savannah Løver (12) og Maria Elisabeth Heitmann (13) og tørker gledestårer.

Dei var både rørte, takknemlege og glade då programleiarane ropte opp gruppa som årets vinnarar av MGPjr. Jentene har artistnamnet 4everU og vann med songen sin “Forandring.”

– Songen handlar om å byrje på ungdomsskulen i åttande klasse og bli yngst igjen. Vi trur mange kan kjenne seg igjen i den kjensla, difor laga vi song om det, fortel Bettina.

Laurdagen blir ein kveld dei seint vil gløyme, ikkje berre var det 15.000 publikummarar i salen, men eit svimlande tal på nesten 800 fans hadde møtt opp i salen for å støtte dei.

– Eg fekk så god energi av å sjå alle som støtta oss i salen, det gjorde meg glad og det kribla i magen, seier Maria.

I finalen var det seks solistar, to duoar, ein kvartett og eitt band.

På scena hadde 4everU med seg fleire dansarar. Foto: NRK.

Audmjuke vinnarar

Eline kan fortelje at dei er vant til å stå på scena, til vanleg syng dei alle i same koret og reiser rundt i kyrkjer og samfunnshus for å halde konsertar. Likevel har jentene eit klart bodskap.

– Sjølv om det er nervepirrande når ein skal synge for 15.000 personar på Telenor Arena meiner vi at det er viktig å gjere ein god jobb uansett kva for publikum ein skal spele for, seier Bettina.

Resten av gruppa er heilt einige med Bettina.

– Det er viktig å gjere sitt beste, sjølv om ein syng for tre eller 15.000 personar, avsluttar Savannah.