TV har bursdag

2. oktober 1925 i eit laboratorie i London klarte den skotske oppfinnaren John Logie Baird å lage dei første TV-bileta av ein levande person.

Oppfinnaren hadde ein idé om at det skulle gå an å “sjå gjennom telefonen”. Dette hadde han forska på i fleire år, før han endeleg klarte å få det til.

Han kontaktar Daily Express, avisa, for å få dei til å skrive om oppfinninga, men dei trur dei har med ein rar skrue å gjere, men i januar 1926 viser Baird oppfinninga for medlemer av vitskapsinstitusjonen.

Ein må vente nokre år før han i 1928 klarer å lage TV-overføring av bilete i fargar. I fleire land utviklar oppfinnarar liknande løysingar i desse åra.

13. januar 1928 gjennomfører Baird Television Development Company Ltd den første TV-sendinga. Same år prøver kringkastingssjefen i BBC denne teknologien, sjølv om han meiner at TV ikkje har noko framtid.

Kringkastingssjefen tek feil, for nokre år seinare i 1932 sender BBC TV-program med lyd, og TV blir med tida det viktigaste mediet.

(Kjelde: Allkunne.no)