Torbjørn er oppfinnar: – Var lei av å støvsuge

Oppfinnar Torbjørn Aasen er eigentleg sjefsingeniør og forskar, men han er også ein ganske lur oppfinnar.

Oppfinnar: Torbjørn Aasen starta med å leike seg, og endte opp med å bli oppfinnar.
Oppfinnar: Torbjørn Aasen starta med å leike seg, og endte opp med å bli oppfinnar.

Torbjørn var nemleg lei av å støvsuge. Han berre måtte finne ei løysing på korleis han kunne sleppe å gjere det resten av livet. Det var då han fann opp si fyrste oppfinning: RoboMop.

Eg går ofte rundt og er nysgjerrig – det er lurt. Om eg er i ein leiketøysbutikk kan eg byrje å fantasere og tenke. Kva funksjon kan den leika få dersom eg gjer noko med ho?

Ideen kom frå ei leike

For RoboMop starta med ei leike, som bestod av ei kule som rulla, og som hadde eit hengande pelsdyr etter seg. Ballen var laga slik at ballen rulla rundt som om ho hadde ein motor i seg.

Oppfinnar Aasen fekk ein lys idé, og laga ein plasthatt over kula med ein borrelås rundt kanten nede. Der festa han ein mikrofiberklut som kunne ta med seg støvet medan kula rulla rundt på golvet.

Under bilete står prosessen forklart. Frå idé til endeleg resultat.

  • 1: Det var denne leika som fekk Torbjørn til å få idéen om ein robotstøvsugar.
  • 2:  Den fyrste versjonen hadde ein gul plastpose med mikrofiberklut på kanten.
  • 3: Slik såg RoboMop ut då han blei sendt til Kina for produksjon.
  • 4: Slik blei det endelege resultatet av RoboMop.

Søkte patent

Oppfinnar Aasen sendte inn idéen til nokre konkurransar og vann, og forstod at han kunne tene pengar på dette. Det var då han søkte om å få patent.

Patent betyr at ein kan produsere og ha rettar i det landet du søker. Det gjorde han, og etter det blei RoboMop produsert i Kina.

Kva må til?

Om ein vil bli oppfinnar må ein vere nysgjerrig, ha kunnskap og byrje å leike seg.

Å kalle meg oppfinnar er eit stort ord. Eg føler at eg er ein gut som leikar meg.

Torbjørn har funne opp fleire ting. Han har faktisk tent så mykje pengar at han jobbar litt mindre i sin faste jobb.

Mange som får mykje pengar kjøper seg kanskje dyre bilar, men eg har investert i tid.

På den måten får Torbjørn Aasen tid til å leike, og kome på fleire idéar.